Go back




download musicfile

Mot vinter
Stiklestad-tonane: dikt 1961.



Det raslar så sårt av fallande lauv
på frosen snø.

Å, den som var både blind og dauv
og utan eit hjarte som støtt må blø
for liv som lid.

Sola er nådelaus:
glitrar som gull på visna blad.
Det svarar med skjerande skrik i gult.
Og likeglad
slår vinden det ned.
Så kald og lat
han gufsar av fred,
av frosen fred,
av vintertid.



skrevet av Bjarne Slapgard


Bjarne Slapgard (født 11. november 1901 i Verdal - 25. desember 1997 i Levanger) var en norsk forfatter og folkehøgskole-lærer.


tonesatt av Abnescio


Abnescio ble utdanna ved universitetet i Trondheim. Og bor nå ved byen Molde. Og er barnebarn av Bjarne Slapgard.